Evenement: U-landsseminar: PATENT PÅ MEDISIN: EIN GARANTIST FOR ELLER EIN TRUSSEL MOT HELSE I SØR?

Kva skal sikre helse i sør? Legar og pasientar, legemiddelindustrien og politiske og sivile organisasjonar har ulike svar. Ei felles erkjenning om at ein tredjedel av verdas befolkning manglar tilgang til livsviktige medisiner ligg i botn, men vegane ut av uføret stridast det knallhardt om. Er patentloverket til WTO nøkkelen til utføring av ressurskrevande medisink forsking, teknologioveføring og sjukdomsbekjemping? Eller verkar patentlovverket som ein veg mot profitt, på bekostning av verdas fattige?

Legemiddelindustriforeininga, Attac og Legar utan grenser ser ulikt på kva intensjonar som ligg bak, og kva konsekvensar patentlovverket har. Legemiddelindiústriforeininga er ein bransjeorganisasjon for legemiddelindustrien i Norge. Dei ynskjer å sikre pasientar kostnads- effektive legemiddel og å sikre midlar til forsking og utvikling av legemiddel. Dei støttar WTO sine legemiddelvedtak. Attac meiner stikk i strid at patentlovverket ikkje stimulerar til forsking som kjem dei fattigast til gode. Dei krev reforhandling av WTO sitt lovverk samt støre satsing på offentlege forskingsinstitusjonar. Legar utan grenser bidreg med perspektivet til pasientane i sør. Dei opplever tilgang eller mangel på medisiner på nært hald, og dreg konklusjonar frå sine erfaringar.

Panelet:

  • Marie Fosse, styremedlem i Attac Norge & medlem av Attacs medisingruppe
  • Pål Christian Roland, adm.dir i Legemiddelindustriforeninga
  • Øyunn Holen, styreleiar i Legar utan grenser
  • Maren Aase, stipendiat, Senter for Utvikling og Miljø, UiO (ordstyrar)

Arr: U-landsseminaret i samarbeid med Attac Blindern