Haustseminar, Noregs Mållag (og Studentmållaget i Oslo)

Noregs Mållag ynskjer velkomen til det årlege haustseminaret laurdag 4. og sundag 5. september.

Seminarprogrammet er spennande og innhaldsrikt, og festen vert ein super-duper jubileumsfest for Studentmållaget i Oslo som fyller 110 år.


Studentmållaget i Oslo har 110-årsjubileum i haust, og vi vil kombinera haustseminaret med deira jubileumsseminar. Programmet laurdag er sett saman av Studentmållaget, medan programmet sundag er sett saman av styret i Mållaget. Laurdag kveld vert det jubileumsfest med framifrå underhaldning og innslag frå begge laga.

Vi vonar mange frå lokallaga våre vil kome til Oslo denne helga. Vi kan gje reisestøtte til lag som treng dette. Vi vonar òg at mange tidlegare (mål)studentar i Oslo og andre stader tek turen.

Både festen og seminaret skal vere på Det Norske Teatret i Oslo.

Minikonsert med Valkyrien Allstars.