BAKSNAKK om Unge Werthers lidingar på Det Norske Teatret

Med utgivinga av Goethes brevroman Unge Werthers lidingar (1774) fekk Europa si første litterære superstjerne. Ungdommar kledde seg som tittelhelten og hans ulukkelege kjærleik Lotte, parfymen Eau de Werther blei lansert, debatten rasa i samfunnet og ei sjølvmordsbølge ramma dei mest kjenslevare lesarane. Er myten sterkare enn melankolien? Panelet som vil diskuterer dette m.. er: Kjersti Bale, Helge Jordheim og Knut Andreas Grimstad, litteraturvitarar ved Universitetet i Oslo.

På BAKSNAKK blir publikum invitert til diskusjon, tematisk fordjuping og kunstnarleg innsikt med sesongens premierar som utgangspunkt. Fri entré. For å motta informasjon om BAKSNAKK – send ein e-post til marknad@detnorsketeatret.no og meld frå om dette. Det er elles mogleg å kjøpe billett til den aktuelle framsyninga, som blir spelt etter baksnakket