BAKSNAKK: Unge Werther, ein moderne antihelt?

Goethes unge Werther har alt; pengar, intellekt og lyse framtidsutsikter. Men det er ikkje nok. Med ungdommeleg glød leitar han etter noko større. ”Det er den draumen me ber på / at noko vedunderleg skal skje.” Er det denne draumen som gjer Goethes roman Unge Werthers lidingar udødelege? I panelet: skodespelar og aktuell i tittelrolla i Unge Werthers lidingar Torbjørn Eriksen og idéhistorikar og forfattar Gudmund Skjeldal. Ordstyrar er Mari Moen, dramaturg på Det Norske Teatret.

På BAKSNAKK blir publikum invitert til diskusjon, tematisk fordjuping og kunstnarleg innsikt med sesongens premierar som utgangspunkt. Fri entré. For å motta informasjon om BAKSNAKK – send ein e-post til marknad@detnorsketeatret.no og meld frå om dette. Det er elles mogleg å kjøpe billett til den aktuelle framsyninga, som blir spelt etter baksnakket.