Bakkjens basar – ein fredag kveld i månaden på Riksscenen Ørkenslåttar + Becaye trio + Club Kwassa Kwassa med DJ 99
fredag 8. oktober 2010 kl. 20:00 på Riksscenen
Ein fredagkveld i månaden på Riksscenen. Det vert i løpet av hausten konsertar, dansing, jolefeiring, jamming og mykje meir moro for dei som kjem på basar. Basar er ein marknad, ofte med overbygg. Namnet kjem av det persiske ordet bāzār, som går tilbake til det pahlaviske ordet baha-char som tyder «staden med prisar». Bakkjens basar er ein musikalsk basar der musikk og publikum skal møtast til gode opplevingar på Riksscenen ein fredagskveld i månaden. Det vert i løpet av hausten konsertar, dansing, jolefeiring, jamming og mykje meir moro for dei som kjem på basar.
Fredag 08.10: Ørkenslåttar og Becaye trio.
Becaye trio består av gitaristen Becaye Aw og medmusikantane hans Olav Torget på diverse klimpreintrument og Helge Norbakken på trommer/perc. Becaye kjem opprinneleg frå Mauretania, men er oppvaksen i Senegal. Becaye har spelt med m.a. Baaba Maal, Mansuur Seck og Ali Farka Toure + mange fleire.
Ørkenslåttar er tingingsverket multimusikaren Anders Røine, og medmusikantane hans Harald Skullerud på trommer og Mattis Kleppen på bass, skreiv til årets Telemarkfestival. Pressa og publikum i Bø gav konserten svært gode tilbakemeldingar så no er det på tide at Oslopublikummet også får høve til å oppleva.
Konserstart: 21.00
Club Kwassa Kwassa med DJ 99 – Guttorm Andreasen. Før, mellom og etter konsertene: heftig dansemusikk fra hele kloden!
