Neverland
onsdag 8. desember 2010 kl. 19:30 på Det Norske Teatret og femten andre tidspunkter

PÅ SCENEN: Gjertrud Jynge, Morten Espeland, Espen Løvås, Per Schaanning, Marianne Krogh, Hildegun Riise
NEVERLAND Av Maria Tryti Vennerød
Regi:
Jon Tombre,
Scenografi/kostyme:
Kathrine Tolo,
Musikk: Julian Skar,
Dramaturg:
Mari Moen,
Maske:
Trude Sneve,
Lys:
Gyril Høgberg,
Foto:
Marit Anna Evanger

Michael Jackson, morfin og kaninar: Neverland er ein sorgmunter fabel om fantasiflukt som smertelindring. Hovudpersonen drøymer seg til Michael Jacksons surrealistiske og overdådige Neverland der eit syntetisk popunivers legg seg som sukkerspinn rundt sjela.
I Neverland er skiljet mellom draum og realitet uklart. Eitt er sikkert: menneska treng trøyst. For kva skjer når eit barn døyr? Kva skjer når dokterane ikkje kan hjelpe. Når ingen kan hjelpe?
Ei fortvila mor prøver å finne ein utveg. Eit draumescenario med Michael Jackson som styrande element er eitt av forsøka på å redde barnet og halde døden, realitetane, borte. Popkongen spreier glede i dødens korridor og lindrar moras sorg. Slik blir Neverland ein siste sjanse og det endelege eventyret.

Maria Tryti Vennerød moraliserar ikkje, ho er ikkje ut etter rett og galt. Med sitt særeigne talent inviterer ho oss til eit rørande og tankevekkande univers. Ho skiftar synsvinkel heile tida, og midt i sorga tryllar ho fram humor og beiske merknadar om samtida. ”Heal the world, make it a better place”. Men korleis? spør ein av dei mest talentfulle dramatikarane frå den unge generasjonen.

Jon Tombre er regissør. Han er for tida tilsett som kunstnarleg leiar i sceneavdelinga på det nyetablerte Dramatikkens hus. Som regissør har Tombre særleg jobba med nye scenetekstar. Framsyningane hans er prega av sterke bilde og kroppslege uttrykk. Han var sist på Det Norske Teatret med den særs vellukka, prisløna og kritikarroste framsyninga Den arabiske natta (2007).
