Megazone, Møllergata 24

Ein svær hall der du kan leige laserpistolar og festlige brystsensorar for ein slikk og bøttevis med spenn. Røykmaskiner og veggar med strategiske hol i gir den rette “Kosovo ´94”-stemninga som vi sofableike nordmenn gjerne betaler for å få oppleve.


Dette har skjedd på Megazone, Møllergata 24…

torsdag 17. juli 2008

19:30 Bullet Party 2008 - Megazone Megazone, Møllergata 24

JA! Etter den øredøvande suxessen Bullet Party 2007 var, smeller vi like godt i med eit Bullet Party i morgon. Klokka 20.00 presis startar det, så kom 1915, for jovial sosialisering! Vi brukar Megazone sine sjølvlysande gummikuler som visstnok skal treffe ein “støtsensor” ein går med på brystet. Meld deg opp her så vi ser kor mange vi blir. Prisen er ca 270 om vi berre blir åtte stykk på ein time, men krympar kjapt jo fleire vi blir.