Narve Fulsås: «Korleis var Ibsen mogleg? Om fordomar, blindsoner og migrasjon i disiplinære grenseland»
Harold Bloom skriv i Vestens litterære kanon: «Skyggene fra Hamlet og Faust faller over alt det Ibsen skrev i løpet av sitt halve århundre som dramatiker. Hans kanoniske så vel som hans dramatiske posisjon dreier seg i høy grad om kampen for å frigjøre sin egen diktning, og har nesten ingenting å gjøre med de sosiale energier i epoken» (1996, 309). Dette er eitt uttrykk for dei ideologiske effektane av kanonisering: historisk kontekst blir erklært for irrelevant eller for å vere motstand som må overvinnast. Eit historisk perspektiv på Ibsen må bryte med dei konseptuelle kart som vanlegvis organiserer våre førestellingar om litteratur og forfattarskap. Vi kan ikkje ta den veletablerte forfattarfunksjonen «Ibsen» som utgangspunkt, men må vise korleis denne oppstod saman med oppkomsten av eit autonomt litterært felt, og at frigjeringa av Ibsen som forfattar derfor har alt å gjere med dei sosiale energiane i perioden, særleg dei skandinaviske.
…