Kunstlåven i Seljord

Kunstlåven i Seljord drivast av Seljord Kunstforening som vart stifta i 1968. Formålet er å vise eit breiast mogeleg utval av samtidskunst av såvel utanlandske som norske kunstnarar. I tillegg er kunstforeninga ein viktig kulturberar innanfor litteratur, musikk og lokal kultur med mindre utstillingar og kulturtilstellingar året rundt. Låven huser også ein stor galleributikk med sal av grafikk, måleri, skulptur, kunsthandverk og handverk.
Hovudsatsinga er den årlege Sommarutstillinga i juli. Resten av året er det mindre utstillingar.
Kunstforeninga har eigne lokaler i Kunstlåven med heile 1700m² fordelt på 4 etasjer og 17 rom. Romma har til dels bevart den opprinnelige funksjonen og er derfor svært ulike i storleik og form. Dette gjer Kunstlåven til ein særeigen og vakker utstillingsarena som gir ein ekstra opplevelsesdimensjon både for kunstnarar og publikum.
Kunstlåven ligg i Brøløsvegen 4, midt i Seljord sentrum.
Postadresse: Seljord kunstforening, PB 81, 3835 Seljord
Buss frå Oslo: Haukeliekspressen dagleg frå Oslo k 09.30, man-fre og søn kl 13.30 og kl 17.30, man-lør kl 22.30. Bussturen tek om lag 3 t
Velkomen!
